Haugen hotell vil bygge om til leiligheter.

Haugen hotell på Geilo som har drive sidan 1912, ønskjer no eigarane å endre driftsform for.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 06.06.2006 15:48

Haugen hotell på Geilo som har drive sidan 1912, ønskjer no eigarane å endre driftsform for.

Søknaden går ut på å få bygge om til 35 leiligheter. Noverande eigarar vil trappe ned og for å unngå at eigendomen blir selt til framande investorar, vil dei opprette ei eige selskap som skal utvikle eigendomen.

Rådmannen er på saka så prinsippiell at han ber politikarane vurdere om den bør til kommunestyret for drøfting då eit ja til full ombygging av hotellet frå varme til kalde sengar, kan få som konsekvens at fleire hotell på Geilo gjer det same. No har eigarane sagt seg nøgd med å få til ei løysing som kombinerer hotelldrift og leiligheter, og rådmannen finn det mest rett å sidestille Haugen hotell med reg.planen for Geilo sentrum og opnar for at Haugen hotell kan få innvilja kombinasjonsformål turistbedrift/fritidsleiligheter med fordelinga 70 % turistbedrift og 30 % leiligheter.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS