Ål er kåra til «Årets nynorskkommune 2021»

Ål er kåra til «Årets nynorskkommune 2021»

Aktuelt
Mia Langås Flåta
Publisert : 22.11.2021 10:50

Det er Kulturdepartementet som kårar Årets nynorskkommune. Prisen vart delt ut på Litteraturhuset i Oslo måndag 22. november av kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap).

Ein glad og rørt ordførar i Ål, Solveig Vestenfor, tok imot prisen.

- Dette er utruleg stas og dette er ein viktig pris for Ål og heile Hallingdal. Me ligg i eit randsoneområde for nynorsken. Skriftspråket er heile tida under press og må kjempast for. Prisen betyr at arbeidet me gjer for å sikre nynorskopplæring for born og unge i kommunen, blir sett og verdsett. Med denne prisen i ryggen kan me arbeide vidare for å sikre det språklege mangfaldet, seier Vestenfor. 

- Som norsklærar sjølv, så veit eg at elevane får ei språkleg gåvepakke ved å lære nynorsk først. Det gjev dei auka språkleg kompetanse og forståing. Me veit at det finst innbyggjarar i Ål kommune som har blanda kjensler for nynorsken, men det er svært mange som har eit nært forhold til nynorsk. Språket er ein viktig del av identiteten i Ål, har ein stor kulturell verdi og er verdt å ta vare på. Det er viktig å løfte fram alle kvardagsheltar som les og skriv nynorsk på skulen og i arbeidslivet. Det er alle desse som gjer språket levande, legg ordføraren til. 

! Ordfører Solveig Vestenfor på prisutdelinga. Foto: Erlend Hole Dokken.

I juryen for prisen sit Språkrådet, Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS. I grunngjevinga til juryen heiter det at:

Kommunen ligg i Hallingdal, der nynorsk ikkje er eit sjølvsagt språkval, slik det er i kjerneområda for nynorsk. I eit slikt område trengst det eit særskilt medvit, friske tiltak og drahjelp frå alle hald for å stø opp om nynorsk som bruksspråk.

Ordførar og kultursjef leverer ein realistisk og beskrivande søknad som likevel syner reelt språkpolitisk engasjement og ein vilje til å leggje til rette for at innbyggjarane skal få møte og bruke nynorsk. Kommunen har språkmålsetjingar på plass i planverk og strategidokument og set dei ut i livet. Tiltaka gjev resultat: Meir enn 70 prosent av ungdomane i kommunen vel å halde fram med nynorsk på ungdomsskulen. Det er unikt i Hallingdal. Kommunal kommunikasjon, inkludert saksdokument og informasjon på heimesidene og i sosiale kanalar, er på nynorsk. Til dømes nyttar Ål introsenter, som femnar om vaksenopplæringa og flyktningtenesta, også nynorsk på Facebook-sida si.

Hallingdal har tre nynorskkommunar. I ei tid der reformar, stordriftsfordelar og interkommunalt samarbeid er fyndord, er det viktigare enn nokon gong for ein kommune som Ål å styrke lokalsamfunnet gjennom felles språk, historie og identitet. Elles kan Ål som randområde for nynorsk skriftspråk drukne i møte med fylket, nabokommunar og eit fleirtal, også i Hallingdal, som nyttar bokmål.

Ål kommune gjer solid og medvite nynorskarbeid som fortener prisen for 2021. Juryen meiner òg at det kan få positive ringverknader i regionen at Ål er ein pådrivar for å styrkje bruken av nynorsk på alle samfunnsområde.

 

 

Om kåringa Årets nynorskkommune:

Kvart år sidan 2009 har Kulturdepartementet delt ut prisen «Årets nynorskkommune». Prisen går til ein kommune som gjer eit godt og medvite arbeid for nynorsken. I 2021 har juryen sett særleg positivt på kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstra innsats for å skaffe elevane sine nynorske læremiddel og læringsressursar, både digitale og analoge. 

Det har vore sterk konkurranse om prisen i år. Juryen fekk inn ni nominasjonar frå sju kommunar og to fylkeskommunar. Fire kandidatar vart med på oppløpssida, alle med grundige og gjennomtenkte tiltak for å tryggje nynorsk som bruksspråk på viktige sammfunnsområde: Herøy, Kvinnherad, Stad og Ål kommune.

I fjor var det Voss kommune som vart Årets nynorskkommune. Prisen er på 100 000 kr.






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS