Ollis nominert  til gjev pris i UK
Ingunn Thon fekk sin litterære debut med barneromanen «Ollis». Foto: Pernille Walvik

Ollis nominert til gjev pris i UK

Det at ei norsk barnebok er nominert til denne prisen er rett og slett veldig stort seier Det norske Samlaget
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 02.11.2020 15:06
Sist oppdatert : 02.11.2020 15:17

Barnebokforfattar Ingunn Thon er nominert til 2021 CILIP Carnegie Medal Prize for Ollis.

– Eg synast det er veldig stas. Spesielt å bli nominert i UK som er kjent for å ha så mykje fin barnelitteratur sjølv, seier Thon om nominasjonen, og legg til: 

– Om eg tenkjer på Ollis som ein ekte person, som eg av og til gjer, blir eg stolt av ho. At reisa ho gir seg ut på betyr så mykje for engelske lesarar at ho blir prisnominert... Åh, det skulle ho ha visst.

Historia om 10-åringen Ollis, markerte Thon sin debut som forfattar. Boka tematiserer mellom anna vennskap, familiekonstellasjonar og mot, og er illustrert av Nora Brech. Evy Tillmann, litterær agent i Oslo Literary Agency, meiner det er sjeldan kost at ei norsk barnebok blir nominert til engelske litteraturprisar.

– At Ingunn Thons debutbok om Ollis er på nominasjonslista til den prestisjetunge CILIP Carnegie Medal, er rett og slett stort. Thon er i godt selskap med internasjonale storleikar som Meg Rosoff, Marcus Sedgwick, Patrick Ness og Michelle Paver, seier Tillmann.

CILIP Carnegie Medal Prize er Storbritannias eldste barnebokpris, og tildelast den beste barne-og ungdomsboka frå det føregåande året. Prisen delast ut av den britiske bibliotekforeninga, Chartered Institute of Library and Information Professionals (CILIP), 16. juni 2021.

– Denne prisen er ganske unik, i den forstand at forlaga ikkje kan melde opp bøker sjølv. I staden er det bibliotekarar som nominerer bøker dei har merka seg gjennom året. At eit lite forlag som Wacky Bee då får ein nominasjon, er ei stor ære, seier Louise Jordan i Wacky Bee Books, forlaget som gir ut den engelske omsettinga av Ollis.

Ingunn Thon (f. 1986) har arbeidd i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Barn kjenner henne også frå Barne-TV. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og frå journalistutdanninga ved NRK Nynorsk mediesenter.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS