Eksplosjon i forbrenningsomn.
Eksplosjon i forbrenningsovn i Kleivi (Foto: Knut Medhus)

Eksplosjon i forbrenningsomn.

Laurdag ettermiddag var det full utrykning av nødetatane i Hallingdal til Hallingdal renovasjon sitt anlegg i Kleivi.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 31.10.2020 17:29
Sist oppdatert : 31.10.2020 17:37

Det var meldt om sterk røykutvikling ved anlegget. Det viste seg etterkvart at det har vore ein kraftig eksplosjon i ein forbrenningsomn. Eksplosjonen var så kraftig av taket på omnen truleg er blåst vekk. Årsaken til eksplosjonen er ikkje klarlagt, men mykje tyder på at det kan vera kome ei gassbeholder i avfallet og den har så eksplodert på grunn av varmen. 


Det foregår no sikringsarbeid og etterarbeid på staden, men søpla som er i omnen må brenne ferdig og det heile avkjølast før nærare undersøkingar kan gjerast.  Ingen andre bygningar ved forbrenningsanlegget er skada. Uhellet vil truleg føre til ein kortare eller lengre driftsstans i anlegget.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS