Størst vekst i kortbruken i Hol kommune
illustrasjonsfoto

Størst vekst i kortbruken i Hol kommune

Det er mange måtar å måle turisttrafikken på - ein av dei er å finne ut kor mange som bruker kredittkortet sitt utanom eige fylke
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 19.08.2020 12:18
Sist oppdatert : 19.08.2020 12:24

DNB har gjort ei slik undersøking basert på kortbruk utanom eige fylke i vekene 27-31 i 2020 samanlikna med same vekene i 2019. På topp i landet finn me Stranda kommune med ein auke på 424 %, deretter kjem Austevoll kommune med 330 % og Aurland med 327 % vekst.

I Hallingdal er det Hol kommune som toppar lista med ein auke på 129 %. Ål har ein auke på 89 %, Gol på 117 %, Hemedal på 92 %, Nesbyen på 64 % og Flå på 66 %.






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS