Nye konsesjonsvilkår for Holsvassdraget
illustrasjonsfoto

Nye konsesjonsvilkår for Holsvassdraget

Etter svært mange år har NVE endeleg fastsett dei nye konsesjonsvilkåra for Holsvassdraget
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 15.05.2020 11:45
Sist oppdatert : 15.05.2020 11:49

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Hafslund E-CO Vannkraft AS nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Holsvassdraget i Hol og Ål kommunar, Viken fylke.

På bakgrunn av krav frå Hol og Ål kommunar har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Holsvassdraget.

NVE rår til at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraga, som gir moglegheit til å pålegge avbøtande tiltak. NVE tilrår og at vilkåra for Hovsfjorden og Holsfjorden blir omgjort.NVE rår til slipp av minstevassføring frå Strandavatn, Hovsfjorden og Holsfjorden til Storåne. NVE tilrår og slipp av minstevassføring i Juvåne og i Votna.NVE tilrår ikkje magasinrestriksjonar i nokon av magasina, da fordelane for fisk, vassmiljø, friluftsliv og landskap ikkje veg opp for dei negative konsekvensane for flaumhandteringa, kraftsystemet og kostnadane dette ville ha ført med seg.

Du les det heile her








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS