17. mai program på Radio Halllingdal
Madelen og Embrik har lagt ned krans på bautasteinen i Hol. Foto: Rita Stavn

17. mai program på Radio Halllingdal

På denne litt spesielle 17. mai dagen vil Radio Hallingdal by på mange spennande innslag
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 13.05.2020 14:55
Sist oppdatert : 14.05.2020 13:14

Sendinga startar kl 10.30 med overføring av gudstenesta i HEmsedal kyrkje. Det er ei "drive in " gudsteneste som me sender lyden frå så dei som sit i bilane kan få den med seg.
Deretter sender med lyden frå Geilo TV som skal sende frå ulike stader i Hol kommune fram til kl, 14.00. Deretter kjem føljgande program:
kl.14.00: 1. del av sendinga frå Hol som måtte gå ut pga gudstenesta i HEmsedal.
Kl. 1430: 17. mai talen frå Gol - Solveig Villand talar.
Deretter blir det mange fortellingar frå 2. verdskrigen. Folk som hugsar krigsåra, folk som var med i trefningar og/eller utførte sabotasjoaksjonar fortel. Innimellom blir det også små innslag av nasjonal art og med høveleg musikk innimellom.
Per onsdag er desse klare: Oskar Magnussen, skildring frå konsentrasjonsleir, Claus Helberg, Emil Bæra, Krigen i Hol, 2 program laga av Lars Inge Tverberg og Frode Skorve sist på 1980 talet, Svein Flatåker, Andreas Bjørnsrud, Even Liahagen, Arvid Stupa, Gunnar Steensen, Ingrid Lien, Kari Martinsen, Knut Trøim den eldre, Ola Hustada, Reidun Brusletten, Olav A Nestegard og Svein NEstegard, Knut T Seim, Hans Larsgard, Marius Sandaker, ANton Berg, Randi Aaker,Osvald Medhus, program om den store togulykka ved Breifoss i 1944.

Me møter også Sverre Åker, Egil Fladmark, som var prest i HOl under krigen, me høyrer frå avdukinga av minnestein for Tor Bråten, GOl, og Kjell Sevre fortel om kampane i Fll/GUlsvik,
Fleire vil bli klare fram til 17. mai.

Nytt sjansen til å få med deg dette - her kjem mykje fram du ikkje har høyrt om tidlegare.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS