Så kom kundane tilbake
Nina Teigen ved Spar Geilo

Så kom kundane tilbake

Spar Geilo tapte 10 millionar på manglande påsketrafikk - fredag var smilet på plass att
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 24.04.2020 22:30
Sist oppdatert : 24.04.2020 22:32

Fredag var det god trafikk på Sparbutikken på Geilo og handelen gjekk livleg. Men butikken hadde nok ikkje rekna med såpass stor trafikk denne helga og kom fort i beit for varer. Varer som bygdefolk ikkje kjøper, men hyttefolket gjerne vil ha og dermed var ikkje dei bestilt opp nok! Spar mista 10 millionar kroner i omsetning i påsken 2020 mot ein normalpåske og det kan bli tøft å ta innatt. 

Nina er svært klar på ein ting: Hetsen mot hyttefolket som har foregått serleg på nettforum, men også i ein del aviser. Det er rett og slett skammlege seier Nina. NO har vel dei som har tvilt før sett kor viktig turistane er for oss - GEilo er ingenting utan gjester, rett og slett. Eg skjems på vegner av dei som har uttrykt hets mot hyttefolket. Det er ikkje vår oppgåve å vera moralpoliti - reglane kjem frå regjering og Storting, og dei skal me alle følgje lojalt.

"Er me velkomne til å handle her" har fleire spurt med eit engsteleg blikk. Sjølvsagt er svaret - men pass på reglane.

Meir i fredagsmagasinet 24.4. med reprise påfølgande måndag








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS