Alle helseinstitusjonar i Ål blir stengt frå i dag

Alle helseinstitusjonar i Ål blir stengt frå i dag

Prøver knytt til Ål legevakt og Ål legekontor er sendt for å avklare smitte
Aktuelt
Rita Stavn
Publisert : 15.03.2020 12:52
Sist oppdatert : 15.03.2020 13:56

Pressemelding frå Ål kommune 15.mars 2020

 

Smittesituasjonen rundt Sundre barnehage er framleis ikkje avklart. Det er no også sendt prøver for å avklare smitte som er knytt til Ål legevakt og Ål legekontor.

På grunn av den uavklarte situasjonen, er det nødvendig å innføre tiltak som om at det er smitte:

Alle institusjonar innan helse blir stengt frå i dag. I heilt spesielle situasjonar skal pårørande ta kontakt med avdelinga, om dei har spesielle grunnar for å koma på besøk.

Alle som har oppsette avtalar og legetimar måndag og tysdag skal ikkje møte opp til time. Vedkomande blir kontakta av lege eller sjukepleiar per telefon. 

Dei som blir sjuke, skal ringe legekontoret der dei har fastlege. Spørsmål vedrørande koronavirus skal rettast til eige legekontor, eller direkte til koronatelefon. (Sjå eiga pressemelding)

Me ber alle innbyggarar om å halde seg mest mogleg i ro heime og unngå kontakt med andre. Ta alle atterhald som Folkehelseinstituttet tilrår. 

 

Solveig Vestenfor

Ordførar i Ål








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS