
- Det er ei underleg tid.
Familiar og einslege skal i tida framover leva i ein annleis tilstand,
tett på nokon og langt unna andre. Sjansen for at dagane framover vil
gjera barn, ungdom og vaksne utolmodige, rastlause, einsame, irritable,
bekymra, frustrerte og fortvila, er stor. Difor: Ver raus og vis
forståing. Denne underlege tida krev at me er kloke. Klokare enn elles.
Det er lett å skjøne kvifor mange tenkte at hytta var staden å vera i
denne unntakstilstanden. Færre folk, frisk luft, meiningsfull fritid. Men
Hallingdal er ikkje staden å vera for andre enn fastbuande i denne
underlege tida. Difor sender me vår varmaste takk til alle dykk som vart
heime og som har reist heim. Men endå fleire hyttehallingar må reise.
Fordi det handlar om beredskap, tryggleik, liv og død - for deg og meg.
Og til alle sambygdingar: Dette handlar ikkje om dei og oss. Om byfolk og
bygdisar. Tida er inne for å stå saman, ikkje bygge murar. Dette handlar
om det store OSS.
No blir historia skriven - om oss. I vår tid. Me kan ikkje stoppe
tsunamien, men me kan framleis hjelpe folk bort frå stranda - kvar og ein
av oss kan redde liv! Vask hendene. Hald deg heime. Del på godene. Del på
byrdene. Eit varmt lukke til i tida som kjem.
Ordførarkollegiet i Hallingdal
ved Solveig Vestenfor, rådsordførar
(Lesarbrev 14. mars)