Ål kommune pålegg stenging av turistanlegg
Ordførar Solveig Vestenfor

Ål kommune pålegg stenging av turistanlegg

Nedstenging av alpinanlegg, utleigehytter m.m. pålegg no Ål kommune turistnæringa å gjera
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 13.03.2020 18:06
Sist oppdatert : 13.03.2020 18:17

Ål kommune ved kriseleiinga ser seg nødt til å gjera nokon drastiske tiltak for å hindre vidare spreiing av Covid-19 viruset. Dette er tiltak me ser er nødvendig for å hindre at folk strøymer til kommunen og som kan vera smitta av Covid – 19 viruset. Dei som er sett i karantene må halde seg heime, og må ikkje velje å dra på hytta.

Ål kommune ved kommuneoverlegen pålegg turistnæringa å stenge hotell, overnattingsstader, leilegheiter, utleigehytter og skianlegg i to veker frå og med 13.03.2020, med heimel i smittevernlova kap. 4.

Dette er inga lett avgjerd fordi me ser at dette kan ha store konsekvensar for næringa, og det kjennest vondt å hindre folk å koma til kommunen vår.

Grunngjevinga for avgjerda er i tråd med nasjonale føringar og smittevernlova.

Ål kommune er ein liten kommune med 4 687 innbyggjarar. Me er ikkje dimensjonert for å handtere eit så stort tal sjuke personar i samband med ein pandemi.  Tiltaket er også sett i gang for å hindre vidare smittespreiing nasjonalt og internasjonalt. Når me no er i den situasjonen me er, er det ei riktig, men tøff avgjerd. 

Me oppfordrar alle på det sterkaste å halde seg heime og unngå mykje og unødvendig kontakt.

Me ynskjer at folk no ikkje brukar fritidsbustadene sine, men held seg heime der dei bur. Dette fordi me ikkje ynskjer tilreisande med mogleg smitte til kommunen.

 

Mbh Solveig Vestenfor

Ordførar i Ål kommune








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS