Bekymra for framdrifta av Ringeriksbanen
illustrasjonsfoto

Bekymra for framdrifta av Ringeriksbanen

Representantar for næringslivet langs Bergensbanen skal torsdag møte politikarar på Stortinget og gi klar melding om kva dei meiner om framdrifta a Ringeriksbanen
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 03.02.2020 12:31
Sist oppdatert : 03.02.2020 23:13

Næringslivet langs Bergensbanen som i dette oppropet representera ca. 4000 medlemmer, vil med dette uttrykke sterk bekymring for framdrifta av fellesprosjektet Ringeriksbanen og ny E16 Høgkastet - Hønefoss.
Det har sidan 2013 skjedd eit kvantesprang i planlegginga av fellesprosjektet Ringeriksbanen og ny E16 Høgkastet – Hønefoss. Byggestart har vore «justert» frå 2019 til 2021 til 2021/2022. Der det frå regjeringshald er gjeve klare lovnadar mange gonger, utan atterhald, om at Ringeriksbanen/ E16 skal realiserast med byggestart 2021/2022.
Parallelt med denne omfattande statlege satsinga, har både kommunar og næringsliv langs Bergensbanen planlagt og lagt til rette for heilt nødvendig utvikling, med utganspunkt i den største samferdselsinvesteringa som skal gjerast sidan Bergensbanen vart bygd. Det er investert fleire milliardar kroner og det er skapt enorme forventningar.
For fleire av regionane langs Bergensbanen vil realisering av Ringeriksbanen og ny E16 Høgkastet – Hønefoss vera avgjerande for vidare vekst. Nokre hovudpunkt:
 Bidra til å skapa ein heilt ny bu- og arbeidsmarknadsregion vel 30 minutt frå Oslo, som vil avlaste framtidig press på hovudstadsområde.
 Binde Austlandet og Vestlandet nærare kvarandre med ei redusert reisetid på ein time.
 Bidra til betydeleg samfunnsmessig verdiskaping på heile strekninga Oslo-Bergen, spesielt i Ringeriksregionen og Hallingdal, men også på Voss og i Bergensområdet/ Vestland.
 Bidra til at tog blir eit reelt og kraftfullt samferdselstilbod til den største reiselivsregionen i landet, Hallingdal.
 Bidra til å gjera tog mye meir konkurransedyktig i forhold til fly mellom Oslo og Bergen, og med det ei mykje meir miljø- og klimavennleg løysing.
Reguleringsplanen for prosjektet er framleis ikkje vedteke etter fleire utsettingar. Og det er skapt stor usikkerheit i forhold til vidare framdrift, noko regjeringa må ta ansvaret for.
For å kunne klare byggestart i 2021/ 2022, er det heilt avgjerande at reguleringsplanen no blir vedteke, og at den vidare tidsplanen blir overhalde i forhold til både ekstern kvalitetssikring (KS2) og endeleg investeringsavgjerd i Stortinget. På bakgrunn av prosjektet sin enorme regionale og nasjonale verdi, og alle forsikringar og løfter som er gjeve dei seinare åra - oppmodar næringslivet langs Bergensbanen på det sterkaste om at Regjeringa og Stortinget sørgjer for byggestart 2021/2022.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS