Ost frå Rueslåtten til topps!
Vinnarosten frå Rueslåstten ysteri. Foto: Det norske måltid

Ost frå Rueslåtten til topps!

Seint fredag kveld var det avgjort: På Faeboksida si skriv Det norske måltid: Heilt eventyrlig! Vinnar av Årets osst har ein mild og kremete konsistens med balansert smak. Gratulerer til Rueslåtten ysteri
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 10.01.2020 22:30
Sist oppdatert : 10.01.2020 22:58

Det var tre ostar som kjempa i finalen: Kubbeosten frå Rueslåtten, Bufast frå Avdem gardsysteri i Oppland og Valdresost Bufar frå Valdresmeieriet. David mot Goliat - og David vann no også! For dei som ikkje kjenner kubbeosten så er det ein modna kremost laga på rå geitemjølk frå garden Øvrejorde. Osten er modna med mjølkesopp. Smaken på osten følgjer sesongvariasjonen. Om vinteren er den mild og rund, frisk og fyldig. TIdleg på våren har den eit hint av grønt, friskt gras og urtar. Sommar og stølssesongen gir ein variasjon av smak alt etter kva geitene beiter på!

Då er det berre å rope høgt hipp hurra for osten frå Ostebygda som atter ein gong går til topps i ei tevling. Og osten får du blant anna på utsalet i Hol ysteri som er oppe laurdag til kl 17.00








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS