Rekordstor påmelding til Hallingdalskonferansen 2020
Foto: Hallingdalskonferansen 2018

Rekordstor påmelding til Hallingdalskonferansen 2020

Over 185 er påmeldt til Hallingdalskonferansen 27. januar, men det er fortsatt muligheter til å bli med. NB ! Ny påmeldingsfrist 17. januar
Aktuelt
Rita Stavn
Publisert : 10.01.2020 15:16
Sist oppdatert : 13.01.2020 15:18

 - Dette fortel oss at me har treft både med å setja saman eit dagsaktuelt og spennande program, seier prosjektleiar Christin Almestrand. Målet om 200 deltakarar er innan rekkevidde. Det er ikkje for seint å melde seg på, påmeldingsfristen er 17. januar.

 

Tema for Hallingdalskonferansen
Tema for Hallingdalskonferansen 2020 er via distrikta sine utfordringar og mogelegheiter. I Hallingdal skjer det mykje positivt og det er vilje til satsing. Likevel opplever Hallingdal som dei fleste distriktsregionar utfordringar i forhold til å ta del i vekst i næringslivet, nye type arbeidsplassar og kampen om arbeidskraft.

John- Ragnar Aarset, generalsekretær for Høgre, vil innleie med å presentere «Levande lokalsamfunn for framtida», regjeringa si distriktsmelding.

 

Paneldebatt
Paneldebatt som vil ha distrikta sine mogelegheiter og utfordringar som tema, vil kunne bli ein frisk batalje. Her møter stortingsrepresentantane Trond Helleland, parlamentarisk leiar i Høgre og Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet tre sterke og tydelege kvinner, Heidi Granli (Ap) ordførar i Gol, Hanne Haatuft  (H) varaordførar i Hol og Nina Solli, regiondirektør NHO Viken Oslo,

 

Veg og bane
Fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16 vil på mange måtar revolusjonere Hallingdal. Det blir orientering om status og framdrift for fellesprosjektet ved Morten Klokkersveen, prosjektdirektør i Bane NOR. Mange i Hallingdal har jobba for å få framdrift i den over 100 år gamle ideen om Ringeriksbanen.

I desse dagar har VY presentert sine vyar, og me begynnar å sjå konturar av kva jernbanen kan bety av nye mogelegheiter om nokre år. Det er avgjerande, ikkje minst for ei av våre viktigaste næringar – reiselivet.

Bærekraftig reiseliv
Det blir prata om bærekraft frå alle hald. Det gjeld også reiselivet. Kristin Krohn Devold, adm. direktør i NHO Reiseliv,  skal snakke om reiselivet sine framtidsmogelegheiter og kvifor me treng meir kompetanse. Dette handlar ikkje minst om etableringa av ei ny reislivsfagskule på Geilo, som Jonny Pettersen, utviklingsleiar, Fagskolen Tinius Olsen vil presentere.

Gjennom programposten “Sofaprat” skal me gå i djubda. Under overskrifta “Ei framoverlent reiselivsnæring – viktig for turisten og utviklinga av Hallingdal” møtes tidlegare ordførar i Flå, Tore Egil Buøen, og destinasjonsutviklar hos Fredensborg Fritid, Håvard Staff Brenno samt eigedomsinvestor Pål G. Gundersen.

 

Jobbskaping
Me må skapa nye arbeidsplasser, gjerne med utgangspunkt i eksisterande næringsliv. Gründertenking og jobbskaparar får derfor også plass. Fem gode og ekte historier frå næringslivet i Hallingdal får me gjennom Tråkk’n Roll ved Lars Wraa Jensen, HR Prosjekt ved Øyvind Frekeplass, Ostebygda ved Liv Marit Hamarsbøen, WOPAS ved Vemund Gudbrandsgard og T. Engene ved Karianne Sørbøen.

Friske pust
«Distriktspsykopaten», Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid kommune som er kåra til årets kommuneprofil og eigedomsutviklar Arthur Buchardt, vil garantert vera friske pust med  tydelege bodskap.

Mange nominerte til pris
Då fristen for nominasjonar til Næringsprisen gikk ut var det kome inn heile 12 forslag. Juryen vil fyrst avsløre vinnaren under konferansen på Vestlia Resort på Geilo den 27. januar.

Per Skøien, kommunikasjons- og marknadssjef  i Skue Sparebank vil vera konferansier og leie oss gjennom heile konferansen.

 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Regionrådet for Hallingdal, Skue Sparebank, Sparebank 1 Hallingdal Valdres, Gjensidige Hallingdal, NHO Viken Oslo, og Hallingdal Næringshage (prosjektleiing).

(Pressemelding)








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS