Norges beste yrkesmesse?
Interesserte ungdomar flokka seg omkring utstillarane. Foto: RIta Stavn

Norges beste yrkesmesse?

Om det er Norges beste yrkesmesse er vel vanskeleg å bevist, men det vart i alle fall hevda frå fleire under messa på Storefjell denne veka.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 09.01.2020 14:58
Sist oppdatert : 09.01.2020 15:33

Det var 10 års jubileum for yrkesmessa på Storefjell i regi av Regionrådet for Hallingdal og aldri har den vore så innhaldsrik som no. No var det 60 utstillarar og fleire som sto på venteliste. Elevar frå ungdomstrinnet ved skolane i Hallingdal saug inn kunnskap om dei ulike yrkene og vart truleg noko klokare når det galdt framtidig yrkesval. Og ein må bli imponert over breidda på næringslivet i Hallingdal når ein rusla omkring på denne messa - her er det nokon for einkvar - utan tvil.

RH besøkte messa og ein reportasje frå den kjem fredag kveld med reprise måndag

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS