Geilo til kvartfinalen!
Laget frå Geilo: Frå v: Mari Bakken, Eiril Skogheim Holvik og Jens Joranger. Foto: Rita Stavn

Geilo til kvartfinalen!

Nedre Ål og Geilo møttest tysdag kveld til "kamp" om kvartfinaleplass i KVM og dei sørga for spenning
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 07.01.2020 21:47
Sist oppdatert : 08.01.2020 21:59

Det var heilt frå starten klart at det var to skarpskodde lag som var møtt fram, og dei heldt tett følge til godt over halve tevlinga var ferdig. Då var det faktisk uavgjort laga i mellom. Så var Nedre Ål noko uheldig på eit par spørsmå og dermed hoppa laget frå Geilo i frå. Dei ga ikkje den leiinga frå seg og vann med 43 mot 36 poeng til Nedre Ål. To kunnskapsrike lag!

Siste innleiande runde er 21. januar. Då blir kvartfinalane trekte.

Tevlinga mellom Geilo og Nedre Ål går i reprise kl 15 onsdag med atterhald, for mannskapet i RH er på oppdrag på Golsfjellet og det er usikkert om dei rekk tilbake. Då vil reprisen koma kl 19 - før radiobingoen.

 

!Laget frå Nedre Ål. Frå v: Sol Gundersen, Henning Steinbråten Halvorsgard og Kasper Runningshaugen Wikstrand. Foto: Rita Stavn
 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS