Gol versus Geilo
Gollaget: Frå v: Guri Flatland, Hans Liahagen Oust, Torjus Bråten-Espe og reserve Sigrid Smøttebråten Brøto

Gol versus Geilo

Gol hadde ein sterk sluttspurt som gjorde at dei vann over laget frå Geilo i KVM tevlinga 17. desember
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 18.12.2019 10:41
Sist oppdatert : 18.12.2019 10:51

Det var som vanlleg to smånervøse lag som møtte kvarandre på kommunehuset Gol tysdag kveld. Dette var siste omgang i 2019 og det står att to omgangar til før alle kvartfinalistane er på plass.

Like fram til dei siste 4 spørsmåla veksla det ofte om kven som hadde leiinga. Så var det Geilo som leia med eitt eller to poeng, like etter var det snudd om. Men på slutten viste det seg at Gol var den seigaste og dei drog sigeren i land med 5 poengs leiing.

Programmet gjekk i opptak pga kollisjon med kommunestyremøtet i HEmsedal. No viser det seg at opptaket er heilt øydelagt pga teknisk svikt og det blir derfor ikkje sendt noko kl 15 i dag onsdag slik som lovd. RH beklager dette sterkt, noko slikt har ikkje skjedd oss før, men no kom det!

Geilolaget: Frå v: Andrea Trillhus Kjemperud, Delina Tøsdahl-Fenne og Ylva Marie Eide Sataøen.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS