Kom for å dele ut smaksprøver - fekk kulturpris!
Frå v: Isak Emil Antun, Grete Bjerke, Mari Torsteinsrud.

Kom for å dele ut smaksprøver - fekk kulturpris!

Med fatet godt fyllt opp med Gommokaku kom Grete Bjerke til kommunestyresalen på Ål og vart duveleg overraska!
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 13.12.2019 09:30
Sist oppdatert : 14.12.2019 00:57

Gommokakene vart som planlagt delt ut til kommunestyret, men det var etter at ho på vegner av Leveld lefsebakeri hadde motteke årets kulturpris for Ål kommune! Før det hadde Isak Emil ANtun teke i mot kulturstipend og Mari Torsteinsrud hadde fått idrettstipendet frå Ål kommune. Emil som musiker, Mari som skiskyttar.

Her er grunngjevinga for årets kulturpris:

Kulturprisen for 2019 frå Ål kommune er tedelt tå eit samrøystes Sektorutval for kultur og oppvekst. Me har privilegie å vurdere dei ulike kandidatane som bli foresliji te denna prisen. Her kjem mangfalde i kulturlive i Ål virkele te syne so de jelld å ha eit vake auga får at rekkja med kulturprisvinnara gjennom åra reflektera dette mangfalde, at utvalet e representativt for det rike kulturlivet me æra so stolte åver. Prisvinnarn for 2019 representerer eit veldig konkret del av kulturen vår. Det er eit fysisk uttrykk, men handlar likevel om identitet. Det er eit lokalt kulturtrekk, men likevel veit storsamfunnet godt om det, og at det kjem frå Ål. Og der kulturuttrykk som dans og spel lett blir sett som høgverdige kan tradisjonen eg her talar om synast meir kvardagsleg. Likevel ville nok dei fleste av oss ikkje vore prisvinnarn forutan når det dreg seg til fest, og slik har det vore mange, mange generasjonar. God smak er i utgangspunktet eit problematisk omgrep når det er tale om kulturelement. Kulturprisen for 2019 kan vise seg å vera eit unntak. Eg skal no støtte meg på ein filmsnutt, men pristala er ikkje over.

I 1987 starta tre godt vaksne damer Leveld Lefsebakeri. Som det idag står i historikken på heimesida deira, oppdaga dei at den tradisjonsrike bakstekulturen var i ferd med å forsvinne. Det var ikkje lenger opplagt at den yngre generasjonen lærte seg bakstekunsten. Folk ville gjerne ha både rummebrød og lefsekling, men det vart stadig færre som kunne ta på seg slikt arbeid. Vel, Sissel Gurigard, Ågot Bergaplass og Ragnhild Luksengard tok ansvar, bretta opp armane og drog igang. Dei sette opp to mål for verksemda. Å føre den lokale bakstetradisjonen vidare og å skaffe deltidsarbeidsplassar i bygda.

Over 30 år seinare kan me trygt seie at dei nådde måla sine. No er det over 13 personar i arbeid på lefsebakeriet, 13 personar som forvaltar ein levande matkultur. Og produkta av bakstetradisjonane vert sett stor pris på: Salgsstadene der ein idag kan få tak i godsakene strekkjer seg frå produksjonslokalet i Leveld til Meny-butikken på Carl Berner i Oslo, dei leverer til over 60 salgsstader. De e nesten so ein kan spørja; kan me håpa på salgsstader utanfor Noreg om nokre år..?

Lefsebakeriet har oppnådd dei to måla sine, i full mon. Men det er ei forteljing om mykje meir. For det er ei totalpakke dette: det er ei historie om gründerverksemd, det er ei historie om stå-på-vilje og usvikeleg tru på eige produkt, det er ei historie om å erkjenne at også tradisjonar knytt til mat har ein verdi og deretter ta ansvar for at dei vert teke vare på, det er ei historie om at ein ide frå tre damer no er ei verksemd kjent langt utanfor dalen og ein turistattraksjon som byggjer omdømme for Ål kommune. Det er æra mi å på vegne av Ål kommune frambringe ein takk for innsatsen Leveld lefsebakeri har gjort for å ta vare på denne delen av kulturen vår, for at dei bidreg til å setje Ål på kartet, for at dei gjennom lokal verdiskaping syter for at bakstetradisjonen vert bore vidare.

Med dette, i trygg forvissing om at me også i framtida kjem til å ha tegang på høgkvalitets rummebrød, lefsekling, flatbrød og gommokaku, vert kulturprisen til Ål kommune for 2019 tildelt Leveld lefsebakeri. 
 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS