Røykvarslardagen 1. desember
Treng du hjelp til å bytte batteriet? Nytt sjansen!

Røykvarslardagen 1. desember

Gledeleg melding til alle eldre og personer med nedsett funksjonsevne i Hallingdal!
Aktuelt
Rita Stavn
Publisert : 20.11.2019 16:00
Sist oppdatert : 20.11.2019 16:09

Alle småjobbsentralane i Hallingdal (Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå) har i samarbeid med Hallingdal Brann- og Redningstjeneste IKS bestemt at me i samband røykvarslardagen 2019 skal hjelpe alle eldre og personer med nedsett funksjonsevne i Hallingdal med å byte batteri og kontrollere gratis. Det einaste dei treng å gjere er å bestille det hjå småjobbsentralen i sin kommune.

Alle bustader er lovpålagt å ha montert minst ein røykvarslar i kvar etasje, og det er bustadeigar si plikt å montere og vedlikehalde dei. Dette er noko me veit er ei utfordring for eldre og andre som ikkje klarer å komme opp i høgden, samt det å huske på at det må skiftast batteri, vedlikehaldast og testast for at dei skal virke som dei skal.

For at me skulle få dette til har me fått økonomisk støtte og hjelp i frå dei lokale forsikringskontora til Gjensidige Hallingdal, Sparebank 1 Hallingdal og Valdres og Skue Sparebank. Gjensidige Hallingdal og Sparebank 1 Hallingdal og Valdres gir og gode rabatter på brannsikringsutstyr til sine kunder dersom det skulle vise seg at det er nødvendig å skifte ut eller endre på røykvarslarane.

 

Småjobbsentralane kan utføre utbedring eller skifte av røykvarslarar, dette må bestillast som eit ordinært oppdrag, timeprisen er då kr. 150,- pr time.

Bestilling av gratis batteribyte og kontroll kan gjerast på her:

Kommune: Småjobbsentral Telefon E-post
Hol Kommune Småjobbsentralen i Hol 959 86 435  holsmaajobb@gmail.com 
Ål Kommune Småjobbsentralen i Ål 482 54 984 aalsmaajobb@gmail.com
Gol Kommune Småjobben Gol 408 01 968
Hemsedal Kommune Frivilligsentralen i Hemsedal 476 78 040 fri.hem@online.no
Nes Kommune Småjobbsentralen på Nesbyen 450 61 980 frivillig.nes@tubfrim.no
Flå Kommune Småjobbsentralen i Flå 906 25 022 flaasmaajobb@gmail.com

 

Kontora på småjobbsentralane vil være bemanna 02. og 03.12.2019 frå 09.00 til kl. 16.00 i samband med røykvarslardagen.

 

PS! Har du du litt ledig tid og har lyst å hjelpe andre med små praktiske arbeidsoppgåver? Småjobbsentralane i Hallingdal trenger alle som ynskjer å bidra. Ta kontakt med småjobbsentralen i din kommune og meld deg på!

(Pressemelding)

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS