Altibox best for 10. året på rad
illustrasjonsfoto

Altibox best for 10. året på rad

Å bli best 10 år etterkvarandre når det gjeld å levere breiband og TV tenester er ein sterk prestasjon. Og den lokale samarbeidspartnaren er sjølvsagt svært nøgd
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 31.10.2019 14:54
Sist oppdatert : 31.10.2019 15:07

Det er analysebyrået EPSI rating Norge som står bak undersøkelsen som førte til trippelsiger for Altibox. Best på breiband privat, breiband bedrift og digital TV-privat. Byrået meiner at ein av dei faktorane som gjer Altibox best er nærleiken til kundane blant anna sett i forhold til Telenor og Get.

Bruse er samarbeidspartnaren i Hallingdal, og dagleg leiar, Svein Løstgård Solhjell seier til RH at dette resultatet sjølvsagt er ein godt klapp på skuldra sjølv om undersøkinga er nasjonal og ikkje lokal. Bruse kan no  tilby breiband til meir enn 5000 husstandar og meir 1500 hytter i Hallingdal og saman med HK har dei bygd meir enn 100 000 meter med fibernett og gravd meir enn 40 000 meter i 2019. Det er også offensive planar framover.

Meir i Fredagsmagasinet








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS