Hallingdal inntek riksscena.
Embrik Bergaplass på direkten Ålutstillinga. Foto Rita Stavn

Hallingdal inntek riksscena.

Fredag 4.oktober er det musikken hass Embrikk Bergaplass som er tema, laurdagen er det plateslepp med Helga Myhr, mat frå Hallingdal og fest av og med hallingar utover natta
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 24.09.2019 13:34
Sist oppdatert : 24.09.2019 13:55

13.00 - 16.00 Kurs i hallingspringar og kurs i hallingdans
18.00 Fyrispel og plateslepp med Helga Myhr 100;-
20.00 Festkonsert med hallingdølar 200/150;-
21.30 Dansefest på hallingvis

16 desember i 2018 gjekk Embrik Bergaplass, ein av dei store kjeldene og inspiratorar innan bygdedans på torader, ut av tida 93 år gamal. Han etterlet seg ein mengd musikk, musikalske opplevingar, elevar og spelemenn som inspirert av spelet hans held tradisjonen i hevd.

I høve helga, som er vigd musikken frå Hallingdal, har me samla eit stjernelag av utøvarar på torader frå dalføret, samt invitert spelemenn som har eit nært forhold til Embrik eller spelet han representerte, frå store delar av landet for å hylle spelemannen og mennesket Embrik Bergaplass.

Vel møtt til ein storveges toraderkonsert med påfylgjande toraderjam og toraderfest i kjellaren utover natta!

På torader denne kvelden:

Ingunn Stræte Lie  Anders Lunden Herfoss Sjur Borge Håkon Tveito Ulf-Arne Johannessen Thorleif Stave

Tom Willy Rustad Hilde Fjerdingøy Inge Gjevre Leif Ingvar Ranøien Kristoffer Kleiveland

Tom Kjetil Tørstad Per Midtstigen

Programmet for laurdagen er slik
13.00 - 16.00 Kurs i hallingspringar og kurs i hallingdans
18.00 Fyrispel og plateslepp med Helga Myhr 100;-
20.00 Festkonsert med hallingdølar 200/150;-
21.30 Dansefest på hallingvis

Då er det vel berre å sikre seg billettar og ein stad å bu!!!

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS