Var du ung og vill på 70 talet???
Frå øvinga på Bygdahall

Var du ung og vill på 70 talet???

Kor i Høve smeller til att. NO har dei kreative damene laga ein musikal med utgangspunkt i Sunhovtrappa og kul musikk frå 1970 talet
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 24.09.2019 13:02
Sist oppdatert : 24.09.2019 13:11

Den store samlingsplassen i Hovet var trappa på Sunhov  - andre stader var det kanskje mjølkerampa eller ei anna trapp - uansett så var det der mykje av ungdomstida vart brukt. Her møtte dei jamnaldrande, her kunne dei prata om alt og alle og her kunne dei møte den fyrste store forelskelsen.............. Når ein i tillegg får med mange topplåtar frå 1970 åra så blir det ein musikal av det og den presenterer Kor i Høve på Bygdhall 10. og 11. oktober. Her kan du garantert nynne med på dei fleste sangane og du kan truleg kjenne deg att i mange av situasjonane..

Meir i Fredagsmagasinet - og på fjesboka til RH kan du sjå eit videoglimt








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS