Brann i pelletstørke
Foto: Knut Medhus

Brann i pelletstørke

Årsaka er per torsdag ikkje klarlagt, men takka vera forbetringar gjort sidan sist brann gjekk det relativt bra denne gongen
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 27.06.2019 16:14
Sist oppdatert : 27.06.2019 16:24

Brannvesenet og andre blålysetatar frå HOl, Geilo og Ål rykte ut til Kleivi og fekk etter ganske kort tid hindra at brannen spreidde seg. Den var i ferd med å nå fyrste lastesiloen, men vart stoppa. Takka vera at fabrikken no var delt inn i brannceller og at overrislingsanlegg var montert så gjekk det ganske greitt å avgrensen omfanget. Omlag kl 14 kunne brannmannskapa senke skuldrene og konsentrere seg om etterslokking og sikring av deler av fabrikken der det enno ulma litt. Brannsjef Pål Bjerke i Hol kommune seier til RH at dei kjem til å halde vakt utover kvelden og kanskje natta viss dei finn det nødvendig.

I alt 50 mann var i aktivitet med slokkearbeid og sikringsarbeid.

Pelletsproduksjonen var no stoppa fordi renovasjonen hadde stengt ned fjernvarmen. Men produksjonen får nok eit lengre opphald pga brannen.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS