Flå pustar Gol i nakken!
Detaljhandel per innbyggar i Hallingdal. Frå SSB

Flå pustar Gol i nakken!

Flå har hatt ein svært markert auke i detaljhandelen sidan 2011 og er no nest størst i dalen ikkje langt etter Gol
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 27.06.2019 16:03
Sist oppdatert : 27.06.2019 16:19

Tala for 2018 viser at omsetningen per innbyggar i FLå er 138 000 kr mens den på Gol er 148 000 kr, Men i 2011 var omsetningen per innbyggar på FLå berre 63 000 pp mens den på Gol var 138 000. AUken på Flå er formidabel, mens Gol nesten har flata ut.
Ser ein på alle kommunane i dalen så var situasjonen i 2011 at det var størst omsetning pp i Gol , så følgde HEmsedal, Hol, Nes, Flå og Ål.  I 2018 er rekkefølge noko endra: Gol er på topp, så kjem FLå, Hol, Hemsedal, Nes og Ål.

Både Ål og Nes slit med å få noko serleg auke. Ål hadde i 2011 60 000 pp mens dei i 2018 har 76 000 pp. Nes hadde i 2011 78000 pp, i 2018 80 000 pp.

Hol har auka frå 90 000 i 2011 til 119 i 2018, HEmsedal frå 99000 i 2011 til 120 000 i 2018

For ordens skuld: Dette betyr ikkje at kvar einaste flåværing handlar så vanvittig mykjer meir, her er det hyttefolket og turistbussane som gjer susen!!!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS