Bygger visingslinje og utdannar eigne tilsette
Reising av mastere frå WOPAS

Bygger visingslinje og utdannar eigne tilsette

Hallingdal kraftnett og WOPAS er i gang med eit fruktbart samarbeid aust for Kleivi, ved Viken
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 29.05.2019 15:52
Sist oppdatert : 29.05.2019 16:59

Thomas Lindblad frå WOPAS seier til RH at for dei vil linja bli viktig når dei får besøk frå potensielle kundar som vil sjå nærare på dei plastbelagte stolpane frå WOPAS. Det er naturleg nok ein del skepsis ute blant kraftselskapa til denne nye typen stolpar frå WOPAS så blant anna derfor er det viktig å kunne vise bruken i praksis. Han seier også at stolpane er i ferd med å koma inn  på andre marknader også. Dei blir no brukt på eit større anlegg for brygge/gangveg langs havet i Moss. På desse stolpane har verken hakkespett eller pælrmark sjans!

Oddvar Berg i HK, som er mentor i prosjektet, seier til RH at for dei er det viktig å få  tilbake kompetansen som trengs for å reise høgspentmaster. Den har vorte borte ved avgang av eldre mannskap, men no skal eit dusin tilsette lærast opp. Berg har stor tru på stolpane frå WOPAS og ser fram til at folk frå andre nettselskap kjem  på besøk.

Reportasje i fredagsmagasinet 31. mai

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS