Pris til Kiwi Ål
Frå v: Styreleiar i Hallingkost, Gunn-Kristin Øen Uthus, Solveig Dalen, dagleg leiar på Kiwi Ål og Siri Eidsberget Roe frå Hallingkost

Pris til Kiwi Ål

Kiwibutikken på Ål viste seg å vera best på sal av lokalmat frå Hallingdal i 2018
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 10.05.2019 13:44
Sist oppdatert : 10.05.2019 14:01

Hallingkost, som er eit felles sals- og distribusjonsselskap for lokalmatprodusentar i Hallingdal, står bak denne prisen. Det er i dag 7 produsentar med i Hallingkost og av dei varene som Hallingkost formidlar, er det utan tvil småmaten og lefseklingen som sel mest.

ALle butikkane i Hallingdal har no mat frå Hallingkost for sal, i alt 26 butikkar. I tillegg er det over 60 butikkar på Aust- og Sørlandet som også sel desse varene. Lengst sør er Kragerø. Småmaten er den store favoritten også omkring i denne butikkane.

Styreleiar i Hallingkost, Gunn-Kristin Øen Uthus seier til RH at dei veldig gjerne vil ha alle produsentane av lokalmat i Hallingdal med i selskapet, men så langt er det berre  7.

Meir i Fredagsmagasinet 10.05








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS