Nye eigarar av Ingers Kro  på Myrland
Foto frå INgers Kro si facebokside

Nye eigarar av Ingers Kro på Myrland

Etter fleire forsøk på å få selt INgers Kro på Myrland er det no vorte nye eigarar
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 19.04.2019 18:39
Sist oppdatert : 19.04.2019 18:47

Det er sonen Ståle Stein Berg, som tlil dagleg arbeider som filmkonsulent i NOrsk filminstitutt, som har overteke bygningsmassen saman med 2 svogerfamiliar slik at det er 3 familiar som no eig bygningsmassen. Ingers Kro blir ei tid framover drive av Inger og Per Berg som tidlegare, men dei nye eigarane er på jakt etter nye drivarar.

Ståle seier til RH at dei har mange idear på blokka når det gjeld drifta av staden framover. Her er i tillegg til Ingers Kro fleire utleigehytter og det blir arbeidd med idear blant anna med tanke på å få staden til å fungere enno meir som ein møteplass for folk frå hytteområda og frå bygdene omkring.

Ståle er heilt klar på at merkevara INgers Kro skal vera spydspissen også vidare, men i tillegg til suksessoppskrifta med norsk tradisjonsmat så vil det etterkvart også koma meir "urbane" rettar på menyen.

Intervju med Ståle i Påskeradioen fredag kveld








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS