Sterkt sprint NM for Holløparane - og for arrangøren Gol idrettslag
Eit strålande fornøgd skøytepar - Hege Bøkko og Håvard Holmefjord Lorentzen. Foto: Rita Stavn

Sterkt sprint NM for Holløparane - og for arrangøren Gol idrettslag

Glitre stadion viste seg frå si aller beste side under helgas sprint NM og både løparar og funksjonærar var strålande fornøgde
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 30.12.2018 21:52
Sist oppdatert : 30.12.2018 23:32

Banemester og stemnesjef Ole Halvard Jorde sa før mesterskapen at han drøymde om å få nye banerekordar på begge distansane, og på 500 meter ville han gjerne sjå 35 talet! Det fekk han ikkje fyrste dagen, men sundag kom det etter ein forrykande sprint av Håvard Holmefjord Lorentzen - 35,83 lyder nye banerekorden på! Det stadfester Glitre sitt rykte som den raskaste utandørsbanen i Norge.

Mesterskapen vart også ein solid opptur for løparane frå Hol. Ikkje minst for Kristian Solland Reinton som på laurdagens 1000 meter var like bak Håvard. Han gjennomførte også ein solid 1000 meter sundag og vart samanlagt nr 5, men det var kort avstand ned til bronseplassen. Litt meir fart på 500 meterane så er Kristian minst eit steg oppover i skøyteeliten. Henrik Fagerli Rukke viste også at han no er blant dei sprintarane som har etablert seg i toppen for godt. 4 solide løp vart honorert med sølv samanlagt.

Hege Bøkko tok sitt 5 sprint NM. Både ho og Håvard var stinne av trening og meinte dei nok ikkje fekk ut det beste i helga av den grunn, men det var uansett meir enn godt nok til å sikre solide mesterskap til dei begge to.

Og arrangøren Gol idrettslag skøyter kan no nyte næraste dagane i forvissing om at dei gjennomførte eit prikkfritt arrangement under fenomenale forhold - gratulerer med vel gjennomført.

De finn meir om stemnet på fjesboksida vår der det ligg mange videoar frå NMsendingane våre.
https://www.facebook.com/RadioHallingdal/

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS