NM sprint direkte på Radio Hallingdal

NM sprint direkte på Radio Hallingdal

Alt litt no tilrette for eit topp mesterskap på Glitre stadion på Gol når Norges beste sprintarar møtest til kamp om NM titlane i helga
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 28.12.2018 19:19
Sist oppdatert : 28.12.2018 23:06

Radio Hallingdal sender direkte frå mesterskapen båe dagane frå kl 12.00. Knut MEdhus og Eirik Bøkko er reportarar og skal følge alle para frå start til mål.

Trekkinga for fyste dag er no klar, og den viser blant anna at Hege Bøkko skal gå i siste par på 500 meteren laurdag i par med Ellen Bjertnes.  Hege har mesterskapsrekorden på distansen med tida 38,64 sett på Hamar - arrangørane håper at dei skal få sett 39 talet når Hege er ferdig med sitt løp!! I klasse menn senior får me eit reins holingsoppgjer då Christoffer F, Rukke møter klubbkamerat KRistian Solland Reinton i 5. par på 500 meteren. Henrik F. Rukke skal gå i 7. par og møter Bjørn Magnussen frå Spk. Falken - ein herremann som går fort!
Favoritt Håvard Holmefjord Lorentzen møter Odin By. Farstad i siste par.

På 1000 meter skal mesterskapsdebutant Erlend ANdre Rue frå GOl gå i 3. par i juniorklassen. HEge skal i siste par møte Ellen Bjertnes. Henrik F. RUkke skal møte same karen på 1000 meter som på 500  meter, no i 7. par. Christoffer F Rukke skal møte storfavoritt Håvard H Lorentzen i 8. par og Kristian >Solland Reinton møter Odin By Farstad i siste par!

Vi sender også på nettradio - link her: http://audio.visto.no/radiohallingdal








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS