Bil inn i høgspentmast
Bilen stoppa mellom to mastestolpar. Foto: Knut Medhus

Bil inn i høgspentmast

To bilar kom borti kvarandre på ein uheldig måte ved Seimsbrua på Fv. 50 litt over kl 16 fredag ettermiddag
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 14.12.2018 19:05
Sist oppdatert : 14.12.2018 19:11

I følge politiet skjedde uhellet kl 16.17. Den eine bilen som var innblanda  kjørte mot ei høgspentmast der den kilte seg fast mellom to stolpar med store skader i fronten. Ein person vart sendt til legevakta for nærare undersøking. Sak blir oppretta.

Ulykka førte også til at straumen vart borte på vestsida av Holsfjorden, og HK arbeider med dette utover kvelden. Det er relativt kaldt i området så straumen er nok sakna...






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS