
Uavgjort i sesongopningen.
Dei to fyrste laga i årets fyrste KVM runde var så jamne at det vart uavgjort når det heile var over.
Det var lag frå Gol og Nes som møttest i fyrste runden, og dei vart utsett for ganske tøffe spørsmål som nok gjorde sitt at det vart vanskeleg å samle mange poeng. Men laga heldt tett følgje heile vegen. Ei stund leia Nes, så kom Gol og tok over og før siste spørsmål var det eitt poeng som skilde laga. Og når det heile var avgjort, viste poengsaldoen like mange til kvart av laga. Dermed uavgjort og begge laga til neste runde!
Programmet går i reprise onsdag kl 1500. Neste runde er 30. oktober då Torpo møter Flå.
Oversikt over tevlingene her