Rulleskøytebane på Gol
Klar til bruk!

Rulleskøytebane på Gol

Etter relativt kort, men hektisk planlegging og arbeidsperiode er asfaltbanen på Glitre klar til opning!
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 12.10.2018 15:51
Sist oppdatert : 12.10.2018 16:00

Banen blir opna laurdag 13. kl 12 med blant andre ordførar Heidi Granli på plass. Ikkje berre som snorklippar, men som fyrste offisielle brukar av rulleskøytebanen på Glitre!
Det er skøytegruppa i Gol idrettslag som har ført prosjektet i hamn takka vera stor innsats frå lokale entrepenørar og lagsmedlemmer. Prosjektleiar Jan Tore Rue fortel til RH at prosjektet har ei kostnadsramme på godt 470 000 kr. Sparebankstiftelsen Sparebank 1 Hallingdal har gitt 70 000 til prosjektet og Gol kommune har stilt opp.Næraste slikt anlegg for skøyter har til no vore på Geithus, og Jan Tore strekar under at dette vil ha mykje å bety for rekrutteringa til skøytesporten i Hallingdal

Meir i fredagsmagasinet 12.10








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS