Pumptrackarena klar til opning på Gol
Pumptracken på Gol.

Pumptrackarena klar til opning på Gol

Gol ungdomsråd i samarbeid med Sparebank 1 stiftelsen Hallingdal og Gol kommune godt i gang med prosjektet Sykkel i sentrum og fredag blir det opningsfest
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 03.09.2018 15:35
Sist oppdatert : 03.09.2018 15:42

Fredag er det pumptracken som blir opna. Den er ein del av den samla sykkelsatsinga i Hallingdal der fleire partar samarbeider for å få noko til. Sparebank 1 stiftelsen har gått inn i totalprosjektet med 3 millionar kroner og 350 000 dei er øyremerka Gol. No blir det fyrste av deira anlegg opna fredag. Ordførar Heidi Granli vil foreta den høgtidlege opningen, Øystein Walle frå Sparebank 1 stiftelsen vil også kaste glans over opninga. Og Gol ungdomsråd sørger for pølser med tilbehør til dei frammøtte. Det heile startar kl.15-30








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS