Stipend til Aleksander Fjeld Andersen og Sindre kaupang.
Kultur - og oppvekstsjef Inger-Lise Høger Blakstad delte ut stipend til Aleksander Fjeld Andersen og Sindre Kaupang.

Stipend til Aleksander Fjeld Andersen og Sindre kaupang.

Hol kommune delte ut sine stipend under den tradisjonelle julekonserten fredag kveld.
Kultur
Rita Stavn
Publisert : 23.12.2017 20:30
Sist oppdatert : 23.12.2017 21:04

Hol kommune valte i år å ikkje dele ut nokon kulturpris, dei delte heller ut eit idrettsstipen og eit kulturstipend. Idrettsstipendet gjekk til skiskyttaren Aleksander Fjeld Andersen. Han og familien flytta til Geilo for om lag 10 år sidan, og han vart tidleg med i diverse idrettar. Etterkvart vart skiskyting valet hans, og han har gjennom årå som junior oppnådd framifrå resultat både i norsk og internasjonal samanheng, blant anna gull på stafett i VM for junior.

Kulturstipendet gjekk til Sindre Kaupang frå London og Hovet. Sindre har i mange år utmerka seg som eit allsidig talent både innan musikk og teater. Etter å ha gjennomført dramalinja ved Gol vg. vart det London som vart basen til Sindre. Der har han studert teater og musikk i nokre år og han har dei siste åra gjort eit levebrød av å vera skodespelar i verdsbyen.

To spennande karar vart altså årets stipendmottakarar. Du høyer meir om den på RH 1. dag jul i kveldssendinga frå kl 21.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS