Seier til Nes 2
Amanda Cahrausa, Mathias Jensen, Jakob Rønsen og reserven (Foto: Knut Medhus)

Seier til Nes 2

Ny jamn og spennande tevling
Lokal
Rita Stavn
Publisert : 31.10.2017 22:59
Sist oppdatert : 31.10.2017 23:06

Tysdagens runde i KVM gjekk på Gol. Der møttest Gol 2 og Nes 2 til dyst med tallrikt publikum i salen.

Laga samla like mange poeng i starten av tevlinga, men etter nokre spørsmål fekk Nes eit overtak på 2 poeng. Gol heldt seg på denne avstanden til det var tre spørsmål att. Til tross for fleire fulle hus på spørsmåla så hjelpte det ikkje for Nes fekk fullt hus på dei same! På dei to siste spørsmåla viste det seg at Nes var sterkare enn Gol og dei vann med 40 mot 33 poeng og går dermed vidare.

Programmet kan du høyre onsdag kl. 1500.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS