Matfestival i vinden
Årets kokkekampvinnarar, svigers Knut Olav Øyo og Terje Simonsen. Foto: Rita Stavn

Matfestival i vinden

Supert vær, fullt av folk og harde vindkast karakteriserte årets Norsk Matglede på Geilo laurdag.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 09.10.2017 15:26
Sist oppdatert : 11.10.2017 16:07

Svært mange av både utstillarar og interesserte folk var på årets Norsk Matglede. Handelen gjekk livleg sjølv om vindkasta av og til gjorde at både telt og anna sleit med å halde seg på plass. 
Årets kokkekamp mellom Tiril Sjåstad Christiansen med mor Randi som medhjelpar og Terje Simonsen, ein av grunnleggjarane av Gladmatfestivalen, med hjelp av svigers Knut Olav Øyo vart ein heftig kamp der Simonsen/Øyo gjekk seirande ut bedømt etter styrken på applausen frå publikum.

Tapastevlinga vart vunne av eit lag frå Bardøla framom laget frå Fagerhøy.

Reportasje i På heimveg tysdag og i Fredagsmagasinet.

 

!Tiril og mor Randi i sving.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS