Kulturpris til Ole Embrikgård
Foto: Kjell Huso

Kulturpris til Ole Embrikgård

Lydmannen frå Hemsedal vart 17. mai heidra med kommunen sin kulturpris
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 18.05.2017 13:52
Sist oppdatert : 18.05.2017 13:55

Her er grunngjevinga for prisen:

Han er ein arbeidskar som alltid stiller opp, er lettvint å ha med å gjere, er alltid like blid, og han er ein knakande kjekk kar. Vinnaren har gjennom mange tiår vore limet i kulturlivet. 
Er det eit kulturarrangement i Hemsedal, bitte lite eller kjempestort, kan ein vere sikker på at Ole, på ein eller annan måte, har vore involvert. 

Han er ikkje den som stikk seg fram og krev merksemd, han jobbar jamt og trutt slik at alt er klart når forestillinga starter. Og etter teppefall... ja, da står han på for å rulle saman og pakke ned utstyr.
Han har også sitt eige arrangement Stølsrock, som gjev bygda, hyttefolket og turistane gode kulturopplevingar.

Kva hadde vel arrangement i kyrkja vore uten lyd fra Ole?
- og kva hadde 17.mai vore utan lyd fra Ole?

Hemsedal kommune gratulerer!

Radio Hallingdal sluttar seg til gratulantane - Ole har vore og er ein trufast medarbeider for Radio Hallingdal når det gjeld lyd frå kommunestyret i Hemsedal og opptak av ulike hendingar i kommunen. Vel fortent, Ole!!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS