361 barn i Hallingdal lever under fattigdomsgrensa
Illustrasjonsfoto

361 barn i Hallingdal lever under fattigdomsgrensa

I følge tal frå www.barnefattigdom.no er det 361 barn i Hallingdalskommunane som blir definert til å leva under fattigdomsgrensa
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 30.03.2017 15:14
Sist oppdatert : 30.03.2017 15:24

 Definisjonen for barn som lever i familiar som har inntekt under fattigdomsgrensa er slik: De bor i familier der mer enn halvparten av den samlede inntekten kommer fra offentlige støtteordninger, som arbeidsledighetstrygd og sosialstøtte. 

Går ein inn og finn tala for kommunane i Hallingdal viser dei at det er flest slike barn i Gol kommune. 123 stykker eller 15,3 % av barna i Gol. Færrast er det i Flå. 13 stykker eller 8,2 % av barna. Hemsedal har 34, 7,8%, Nes 40, 7,4 %, Ål 73, 8,1 % og Hol 78 som utgjer 11,4 % av barna.

Generelt så er det ofte ein samanheng mellom kor mange innvandrarar som er i kommunen og som ikkje har fått seg arbeid og dei tala som her blir oppgitt, og det er generelt sett også mange barn av einslege forsørgarar.

Du finn meir på www.barnefattigdom.no

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS