Frå ein til tre stamvegar - og eit attpåklatt.
Trond Helleland, parlamentarisk leiar i Høgre gledde hallingane tysdag.

Frå ein til tre stamvegar - og eit attpåklatt.

Så er vel all intern strid i Hallingdal når det gjeld vegval over - alle fekk sitt.... Og regjeringa har gått frå ein til tre stamvegar mellom aust og vest.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 20.03.2017 16:34
Sist oppdatert : 20.03.2017 16:49

Helleland skulle presentere sin godt planlagte lekkasje under konferansen Rein vidde på Geilo tysdag klk 13, men når NRK banka på døra og ville ha saka direkte i dagsnytt kl 1230 så vart det slik.......
Men i den breiare presentasjonen litt seinare kom det litt meir om kvifor det vart som det vart. Reiselivet fekk sin stamveg på Rv 7 og Hardangervidda slik dei har trygla og bedt om heile tida, og tungtransporten fekk sin Rv 52 slik også dei har gitt klar melding om er det beste for dei.
Kva så med tunnelar på vidda? Helleland var ikkje serleg konkret på det, men
dei fleste forsto det vel slik at den lange tunellen under vidda var ikkje prioritert, det peikar mot fleire kortare såkalla miljøtunellar - i alle fall per no.

For Hemsedal og 52 så vart det frå Helleland si side peika på strekningen Robru til Hemsedal som den som bør takast fyrst, men også strekningen Svenkerud- RObru er ei utfordring og den blir ikkje mindre framover.

Så blir det store spørsmålet -når kjem pengane og til kva??? Det er uansett klart at dette er planer som det vil ta mange år å realisere og så spørs det når ein kjem i gang og kva som kjem i gang fyst...

Det er nok å kjempe for vidare også.............................








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS