Lesestund med Donna.
Plakat frå Nes folkebibliotek.

Lesestund med Donna.

Alle på Nes kjenner Donna og no inviterer Nes folkebibliotek til lesestund med blinde Donna.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 15.02.2017 12:26
Sist oppdatert : 15.02.2017 12:32

Ein blind person må bruke andre sansar enn augo når han skal lesa. Blindeskrifta er slik laga at den blinde føler med fingrane kva for bokstavar og ord han skal bruke når han les. Donna skal på laurdag lesa frå boka "Hattejakten" av Sven Nordqvist, ei bok som høver godt for barn frå 6 år, men som vaksne også vil ha stor glede av. Og ved å møte fram her og høyre på Donna, så vil du også oppdage at den som kan blindeskrift, kan lesa like godt med fingrane som dei som ser kan med augo!!!

Nes folkebibliotek kl 11 laurdag 18. februar








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS