Gol kommune bøyer ikkje av,
Vegvesenet er ikkje nøgd med trafikkløysinga, Gol kommune er nøgd!

Gol kommune bøyer ikkje av,

Både utvalet for natur og næring og formannskapet står fast på at trafikkløysinga som er lagt inn i planen for Petterbråten er god nok
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 25.01.2017 15:21
Sist oppdatert : 25.01.2017 15:57

Statens vegvesen har levert innsigelse som førte til at saka gjekk ein runde til blant politikarane. No har to utval sagt at dei står på løysinga og saka går til kommunestyret.

VEdtaket er slik:

Innstilling Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: - Kommunestyret tek ikkje klaga til følge og ber Fylkesmannen i Buskerud avgjera klaga, jf. også klage frå deler av styret i Petterbråten Vel som er satt på vent til også Vegvesenets klage er behandla. - Grunngjevinga er at trafikkutgreiing frå Asplan Viak datert 21.10.2015 dokumenterer at adkomst via svingen nord for Svøo har kapasitet og er trafikkfagleg forsvarleg løysing dersom det bli etablert venstresvingefelt frå nord kombinert med nedsatt fartsgrense








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS