Lite nytt frå Solvik Olssen
Ordrik, men lite konkret! Foto: RIta Stavn

Lite nytt frå Solvik Olssen

Det var nok mange som reiste heimatt like kloke som når dei kom til møtet på Gol med statsråd Solvik Olsen - men tilhengarane av Rv 52 vart kanskje lysare til sinns.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 24.01.2017 11:19
Sist oppdatert : 24.01.2017 11:36

Mesteparten av den strengt tilmålte tida statsråden hadde, vart brukt til generell prat om kor regjeringa satsa på samferdsel. Dei siste 8 minutta kom statsråden inn på det alle var komne for å høyre om - valet av stamveg nummer 2. Det kom ingen nye argument for verken det eine eller andre frå statsråden, men ein kunne ganske tydleg lesa at statsråden er samd med vegvesenet om at Rv  52 er det beste valet. Spørsmålsrunden etterpå vart dominert av dei som kjempa for Rv 7 og svara dei fekk var stort sett ting dei visste frå før. Men det vart i alle fall sterkt understreka frå statsråden at den vegen som ikkje blir valt, blir på ingen måte gløymt og stengt. 

Du får heile møtet med spørsmåla og etterpåintervju tysdag frå kl 15 på Radio Hallingdal. 

 

!Regionrådsleiar Knut Arne Gurigard spør og statsråden noterer! Foto. RIta Stavn








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS