Sauedrap i Kvisla.

Natt til måndag eller tidleg måndags morgon har bjørnen vore i Kvisla og drepe sauer.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 11.10.2010 19:07

Natt til måndag eller tidleg måndags morgon har bjørnen vore i Kvisla og drepe sauer.

Turgåarar observerte avføring etter ein bjørn vest for Hagafoss sundag og natta etter eller tidleg måndag morgon har den drepe sauer.  Jakta etter bjørnen heldt fram med stor styrke, og sauelaga i Hol ber no alle sauebønder med sauer på beite halde auga med sauene kvar dag.

Sauene som vart drepne tilhøyrde Oddvar Maurset. Dei gjekk på inngjerda beite eit godt stykke ovanfor garden, men bjørnen har jaga flokken nedover og slege sauene ihel berre 2-300 meter frå bustadhus med buande folk i. Måndag ettermiddag var 10 mann og ein erfaren hund på jakt i området, men dei fekk ikkje kontakt med bjørnen. Det er no ein del som lurer på om det kan vera to bjørnar på ferde då det er observert svært ulikt store spor. Sauelaget søkjer no på nytt om å få skadefellingsløyve og ikkje berre lisensjakt som dei har no.

Det blir sterkt oppmoda til at alle som måtte observere spor som kan knyttast til bjørn, raskast mogleg melder frå til rovviltkontakt Hans Vidar Nestegard.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS