Kritiske til hyttebygginga på Golsfjellet.

Forum for natur- og friluftsliv i Buskerud uttrykker sterk skepsis til den planlagte hyttebygginga på Golsfjellet.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 19.12.2005 15:55

Forum for natur- og friluftsliv i Buskerud uttrykker sterk skepsis til den planlagte hyttebygginga på Golsfjellet.

Dette forumet representerer ein medlemsmasse på godt 15 000 og dei har no fått bekymringsmeldingar frå medlemmer omkring planlegging av 2 hyttefelt i det største samanhengande området med store natur - og friluftsinteresser i Gol kommune.
FOrumet har merka seg at saksbehandlaren uttrykker stor skepsis til utbygging av desse felta. Dei ber om at området blir omregulert til LNF slik fylkesmannen har bede om og at hyttene blir under skogsgrensa.

Forumet peikar også på at sjøl om reguleringsplanforslaget er i samsvar med arealdelen i kommunen, så strir dei mot samfunnsdelen i planen. Oppmodinga til Gol kommune er å ta vare på dette siste store nokonlunde intakte fjellområdet i Gol kommune til oppleving og glede blant både dagens og komande generasjonar.

Dei planane som er utgangspunkt for Forumet sine bekymringar er for Frøysokstølen og Nystølen.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS