Flå dyraste - Hol billegast.

Norsk familieøkonomi har atter ein gong rangert kommunane i landet etter kor høge avgifter dei tek for ymse tenester.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 18.06.2013 15:30

Norsk familieøkonomi har atter ein gong rangert kommunane i landet etter kor høge avgifter dei tek for ymse tenester.

Det er prisane på vatn, avløp, renovasjon, feiing og eventuell eigedomsskatt som ligg til grunn for rangeringa. Billegast i landet er Sola kommune med ei årleg utgift på 4840 kr mens Gjemnes i Møre og ROmsdal er i andre enden med ein kostnad på 20 022 kr pr år. For Hallingdal sin del så viser tala at Hol er billegaste kommunen når det gjeld desse avgiftene og Flå er den dyraste. For innbyggarar i Hol blir det 9193 kr pr år og ut med i avgifter mens dei som bur på FLå må ut med 12688 kr. Dei andre har slike tal: Ål: 10578, Gol 10984 kr, Hemsedal 11076 kr pr år, Nes 12688 k. Det betyr at dei fleste ligg ganske midt på treet når det gjeld kommunae avgifter,,,








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS