Turistsjefen til Visit Geilo.
Hol kommune omorganiserer arbeidet med turistnæringa og plasserer turistsjefstillingen hjå Visit Geilo.
Det har vore arbeidd intenst med dette siste tida etter ønske frå næringa og på møtet"Våronn i reiselivet" på Geilo tysdag kveld vart forslaget til omorganiseringa lagt fram. Den var då gjennomdiskutert både med administrasjonen i Hol kommune og med destinasjonsselskapet Visit Geilo og i følge ordførar Tony Kjøl er målet å ha det heile på plass frå 1.9.13. Omorganiseringa fører også med seg at kommunen skal samordne si reiselivssatsing sterkare gjennom teamarbeid for å løyse konkrete oppgåver. Hol kommune bruker i dag svært store ressursar på reiselivet og vil gjennom omorganiseringa få brukt desse midlane på ein smartare måte. Frå styreleiaren i Visit Geilo kom det klare meldingar om at den organisasjonen må ha sterkare oppslutning blant alle typer bedrifter i kommunen som har ein eller annan tilknytning til reiselivet i kommunen dersom dei skal lykkast framover. Det same vart understreka frå Visit Hallingdal når det galdt oppslutning frå kommunane og destinasjonsselskapa. Meir i fredagsmagasinet.











