Visit Geilo etablert.
På ekstraordinær generalforsamling i Destinasjon Geilo tysdag kveld vart det nye selskapet Visit Geilo etablert.
Om lag 50 representantar for ulike bedrifter møtte på den ekstraordinære generaforsamlinga og det var full semje om å etablere det nye selskapet Visit Geilo og at avgifta for å vera med no blir halvert i forhold til det den har vore tidlegare. 30 nye bedrifter har meldt seg inn, og dei store som var på veg ut av Destinasjon Geilo har meldt seg inn i det nye selskapet. Det er også mange bedrifter utanfor Geilo som utbyggarar, meklarfirma o.l. som har meldt seg inn og fleire er på veg.
Det vart ikkje valt nytt styre i Visit Geilo - styret frå Destinasjon GEilo heldt fram til ordinær generalforsamling i mai,\.











