Nærings NM: Ingen topplassering til Hallingdal.

Verken Hallingdal som region eller einskildkommuinane i Hallingdal er på topplista i nærings NM som NHO står bak.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 27.12.2010 11:01

Verken Hallingdal som region eller einskildkommuinane i Hallingdal er på topplista i nærings NM som NHO står bak.

Alle regionar i Norge samt alle kommunar over ein viss storleik har vorte vurdert av Telemarksforskning med omsyn til fleire faktorar som har med vekst både i folketal og ikkje minst i næringsliv.  Hallingdalsregionen skil seg positivt ut på eit av områda - næringstettleik. Det vil si kor mange næringsetablerte det er i forhold til folketalet. Her er Hallingdal nr 6 på rangeringa i år mot nr 9 i fjor. På same rangeringa for kommunar er Gol på ein 6. plass, fram frå 9., i fjor.  Men ellers finn ein Hallingdal og hallingdalskommunane i nederste eller midtre del av dei ulike rangeringane.

T.d. vekstkommune. Gol 221 ned frå 183 i fjor, Hemsedal 225 ned frå 212. plass i fjor - begge blant dei 20 dårlegaste..  Det same i rangeringa for nyetableringar: Gol 277, litt fram i forhold til i fjor då dei var nr 297, HEmsedal 278. plass ein real nedgang frå 123. plass i fjor.

Du kan lesa alle tabellane og heile NM dokumentet her

http://www.nho.no/getfile.php/bilder/RootNY/filer_og_vedlegg1/N%C3%A6ringsNM%202010%20med%20Attraktivitetsbarometeret%281%29.pdf

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS