Stolsvassdammen: Ingen vernesak hjå riksantikvaren.
Riksantikvaren har ingen sak om verning av heile eller deler av den gamle Stolsvassdammen.
Det har frå tid til anna vore skrive og sagt at riksantikvaren i løpet av sommaren 2010 ville avgjera om E-CO fekk lov til å rive dammen slik dei har planar om. Det har frå enkelte halde vorte hevda at dammen er verneverdig og må takast vare på. I følge riksantikvaren som RH var i kontakt med fredag, har dei ingen vernesak omkring Stolsvassdammen til behandling og har heller ikkje fått noko forspørslar om vern eller ikkje vern så langt. Rivingsløyve blir gitt av lokale styresmakter med uttale frå fylkeskommunale. I den samanheng kan saka hamne hjå riksantikvaren. HOl kommune kunne fredag ikkje svara på om det var kome søknad om riving av dammen eller deler av den.
Den nye blir offisielt opna 11. august.











