Påskeradio 2009.

Radio Hallingdals stab med hjelp av 50 frivillige er no meir eller mindre klare til årets store radiodugnad - Påskeradioen.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 02.04.2009 21:57

Radio Hallingdals stab med hjelp av 50 frivillige er no meir eller mindre klare til årets store radiodugnad - Påskeradioen.

Dei tilsette ved RH har nok arbeidd med påske i snart to månadar, men uansett så blir dei siste vekene like hektiske med jobbing til seine kveldar for å førebu 10 dagars radiomaraton. Ute blant folk er det tydleg at Påskeradioen er noko dei ser fram til, god musikk, god underholdning og auksjonar går att når folk pratar om Påskeradioen.  Eit korps av frivillige har vore innsamlarar av auksjonsgjenstandar, og næringslivet i dalen har vore minst like fantastiske som tidlegare til å stille opp - dei viser at det er i nedgangstider ein skal satse!!!

Sendingane tek til laurdag kveld kl. 2000 og heldt på kvar kveld til 0130.  Start på auksjonane er kl. 2115 med avslutning kl. 0045.  Det vil etterkvart bli lagt ut foto av mange gjenstandar på nettsida du no les på - du finn påskemenyen til venstre på sida.  Her vil også liste over kveldens auksjonsgjenstandar vera å finne, men for å by må du ringe auksjonsnummera, og dei er det like godt å skrive opp fyrst om sist:

3208 9291 og 3208 9311 - ingen andre nummer funkar i forhold til auksjonar.

Helsingar høyrer til i påskeradioen og du sender gjerne dei til oss på e-post . post@radiohallingdal.no

Hallingskatten er klar -. Geir Olav har vore minst like finurleg som tidlegare påsker - så gjer deg klar til store utfordringar...................

Morgonsendingane startar palmesundag kl. 0830 og her som vanleg med seg viktig informasjon og ikkje minst smøretips og oppdatert vær............ følg med.

Me tek gjerne i mot meldingar om diverse serveringsstader i fjellet, om store og små arrangement m.m. - bruk e-post eller telefon 3208 9111.

God påske frå oss i Radio Hallingdal.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS